Koronavaksine

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er enno usikkert kor raskt me får vaksinane og kan tilby dei til anbefalte grupper. 

Kommunen planlegg no gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert på denne nettsida. 

Me vil seinare informera om kva grupper som er anbefalt vaksinasjon og rekkefølgja mellom desse. Personar som skal prioriterast vil bli kontakta med tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakta kommunen eller fastlege for å setja seg på venteliste. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før, har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som blir anbefalt å ta koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet, har regjeringa gjeve følgande prioritering, med dei høgast prioriterte først: 

  • Bebuarar på sjukeheimar og i omsorgsbustader 
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personar 18–64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdommar som dei har frå før. 

Foreløpig er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene. Dette kan bli endra dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg

Meir informasjon om koronavaksine:? 

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp