Vaksinekontoret får for tida mange spørsmål om når det blir oppstart av influensavaksine. Planlagt start for risikogruppene er i midten av november, og vaksinen er gratis for desse målgruppene.

Vaksinen blir i år gratis for dei det gjeld

Det er ikkje opna for bestilling enno, og det vil i år ikkje bli lagt opp til drop-in. Meir informasjon om tid og stad kjem etter kvart.

Bestilling på nett og telefon

– Det vil i år bli lagt opp til timebestilling på nett og telefon. Vaksinekontoret vil bruka same bestillingssystem som ved koronavaksine og koronatest. Me anbefaler derfor alle som ikkje har orda elektronisk ID om å gjera dette, som for eksempel bankID og mobilID. Det er også flott om familiemedlemmer kan hjelpa med bestilling på nett slik at ein slepp unødvending venting på telefon.

Vaksinen mot influensa beskyttar mot fleire ulike influensavirus. Influensavaksinen beskyttar ikkje mot koronavirus eller andre virus og bakteriar som også kan gi influensaliknande symptom. 

Les meir på kommunen si heimesida: 

https://www.vindafjord.kommune.no/aktuelt/vaksinering-mot-influensa-startar-i-veke-44.484360.aspx